TURAR
 

 
 


T  DNT-merka løype 

Med Steinbergdalen Turisthytte som utgangspunkt har du merka løyper i fleire retningar og velja mellom.

T Steinbergdalen – Geiteryggen  er om lag 10-11 km. ( 1070moh – 1224moh)

Ein del av den klassiske fotturen ned Aurlandsdalen.Under heile turen har du synet av høge fjelltoppar, snøbrear, blinkande fjellvatn og elva etter dalbotnen.
Er du heldig får du auga på ein reinsflokk og mykje storfugl vil du heilt sikkert sjå!
Frå Geiteryggen er det merka løyper vidare til m.a. Finse.
 

 
 

 

 
 

T Steinbergdalen – Kongshelleren er om lag 8-9 km. (1070 moh – 1460moh)

Kongshelleren er ei ubetjent DNT-hytte mer 11 sengeplassar. Nøkkel til hytta kan du låna hjå oss. Vidare frå Kongshelleren er det merka løype til Iungsdalen og Geiteryggen.

T Steinbergdalen – Østerbø er om lag 9-10 km. (1070 moh – 820 moh)

Dette er og ein del av den klassiske turen ned Aurlandsdalen. Ruta fylgjer lia nedover, og du vil ha ei fantastisk utsikt over høgfjell og vidde. Ein vil få ei flott utsikt ned mot tregrensa ved Grønestølen og Østerbø. Vidare frå Østerbø er det merka løyper til Vassbygdi og Stondalen.
 

 
     
 


VELKOMEN TIL AURLANDSDALEN     NATUR  -  HISTORIE  -  KULTUR