INFORMASJON
 

 
 


Steinbergdalen Turisthytte var den fyrste hytta DNT satt opp i Aurlandsdalen. Den vart satt opp i 1895 og driven av dei fram til 1961.

Familien Fimreite som då hadde stått for drifta sidan 1957 fekk høve til å kjøpa hytta. Me har sidan den gong bygd på og modernisert hytta fleire gonger.

Me har opp igjennom åra teke vare på mykje gamle bruksting, desse finn du, i tillegg til ein del utstoppa dyr, rundt om på heile hytta.

Dette er med på å skapa ein atmosfære her på hytta som me vil påstå er heilt unik, og vel verdt eit besøk.
 

 
 

 

 
 


Steinbergdalen Turisthytte har opent frå 20.juni til 25.september kvart år. Me har 50 senger fordelt på 2-sengs-, fleirsengrom i tillegg til hytter.

Romma har køyesenger og kaldt og varmt vatn på alle rom. Toalett og dusj finn du i gangane. Me har tørkerom og badstove.
 

 
 

   
 


Steinbergdalen er kjend gjennom mange år for god mat, som rømmegraut, spekemat og anna god fjellkost. Me har alle rettigheitar.

Me tek imot grupper og enkeltreisande. Me har god erfaring i og arrangera ”runde” dagar, bryllaup og liknande. Hytta og fjellet skapar ei flott ramme rundt slike selskap. Ynskjer du og feira ein spesiell dag, bryllaup eller liknande, vil me ta imot det enkelte periodar av sesongen. Ta nærare kontakt for informasjon.

Sjå også www.steinbergdalen.piczo.com

Me samarbeidar med Den Norske Turistforeininga, og gir deira medlemar DNT-prisar. Me tek imot førehandstinging på overnatting.

 
 


VELKOMEN TIL AURLANDSDALEN     NATUR  -  HISTORIE  -  KULTUR